Om

OM OSS

Farstad Lyd AS vart stifta i 2015 av Thony Farstad, og er bygd på svært mange års erfaring i bransjen. Større oppdragsmengde og høgare krav har ført til at firmaet dei siste åra har gjort investeringar i utstyr og kompetanse for å kome kundar i møte og levere kvalitet.


Vi held til i idylliske omgjevnadar på Lepsøya utanfor Ålesund som i 2022 vart ein del av fastlandet gjennom bru- og tunnellsambandet Nordøyvegen. Dette har gitt oss mykje større mogelegheiter enn tidlegare, og gjer at me no kjem oss lettare rundt. Det har også ført til betre tilgang på utstyr og personell uansett kor vi måtte vere ute på oppdrag.


Farstad Lyd har alltid kunden i sentrum, og vi gjer det lille ekstra for at ditt arrangement skal bli så bra som mogeleg. Vi er løysingsorienterte, og gir oss ikkje før vi har prøvd vårt beste.

Våre folk

Berre kjekke karar


Våre medarbeidarar har greie på mykje forskjellig, og er alltid åpne for ein prat eller ein e-post