Hjem

FARSTAD LYD

DIN LEVERANDØR AV LYD, LYS, SCENE, STREAMING OG AV

Event - Festival - Konsert - Foredrag - Livesending - Foto - Video

post@farstadlyd.no  | +4793087401 | Gunnarvegen 16 | 6292 Kjerstad

KORLEIS SKAL DITT NESTE ARRANGEMENT SJÅ UT?

Vi leverer lyd, lys, scene, prosjektor/lerret/storskjerm, kamera, streaming, tepper, trosser og mykje anna. Vi stiller med kompetent personell der det trengst, og transporterer alt nødvendig utstyr. Vi hjelper deg anten det er eit event med behov for myggar, presentasjonar og streaming, eller det er ein fest med behov for lydanlegg og diskolys, ein festival med behov for utescene, eller eit arrangement som ingen enno har tenkt på.


Etter mange års erfaring i bransjen har vi kunnskap og utstyr som dekker det meste, og det vi ikkje har, skaffar vi.  Vi har også god kontakt med konferansierar, standupkomikarar og artistar av alle slag i regionen, og logistikk og teknisk kontakt med desse tek vi gjerne på oss.



OM

Farstad Lyd AS vart stifta i 2015 av Thony Farstad, og er bygd på svært mange års erfaring i bransjen. Større oppdragsmengde og høgare krav har ført til at firmaet dei siste åra har gjort investeringar i utstyr og kompetanse for å kome kundar i møte og levere kvalitet.


Vi held til i idylliske omgjevnadar på Lepsøya utanfor Ålesund som i 2022 vart ein del av fastlandet gjennom bru- og tunnellsambandet Nordøyvegen. Dette har gitt oss mykje større mogelegheiter enn tidlegare, og gjer at me no kjem oss lettare rundt. Det har også ført til betre tilgang på utstyr og personell uansett kor vi måtte vere ute på oppdrag.


Farstad Lyd har alltid kunden i sentrum, og vi gjer det lille ekstra for at ditt arrangement skal bli så bra som mogeleg. Vi er løysingsorienterte, og gir oss ikkje før vi har prøvd vårt beste.